Onsdagstur til Kveim / Vik i Gjerstad

Fellestur

Dato
18. august kl. 11:00 - 14:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangører
Havrefjell Turlag, Aust-Agder Turistforening
Turområde
Sørlandskysten (se kart)

Småkupert rundtur i skogen, på traktorslepe og sti, med noko stigning i starten. Turen går rundt Rossåsen, over Rossmyr til Vik og rodevegen tilbake til Kveim. Matpause ved Trollvann. Turen er 8-9 km.

Ta av mot Apland 1,5 km etter Gjerstad stasjon (frå E18). Start frå P-plass «Snekkerverksted» på Kveim kl 11.

Turansvarleg: Mona Hoel (90 54 33 36).

 

Onsdagsturar 2021:

Dagsturgruppa har planlagt 11 onsdagsturar i 2021. Turane passar for folk som går kuperte turar på 5-11 km på sti og i terrenget. Ta med niste. Turane varar vanlegvis i 3-4 timar. Det går alltid ein turleiar framme og ein turleiar bak. Turane er gratis. Turstart blir merka med T-skilt frå veg. Turane kan bli forandra eller avlyste ved fælt uver eller grunna korona.

Velkomen! Meir info på havrefjell.dnt.no.

Onsdagstur til Kveim / Vik i Gjerstad

Småkupert rundtur i skogen, på traktorslepe og sti, med noko stigning i starten. Turen går rundt Rossåsen, over Rossmyr til Vik og rodevegen tilbake til Kveim. Matpause ved Trollvann. Turen ...

Kontaktinformasjon:

  • Mona Hoel
  • Tlf. 90543336

Turleder:

  • Mona Hoel